Fagmann med dobbelt fagbrev

Mekanikar Ståle Svennes er med på å halda maskinane på Mibau Stema i gang.

Fagmann med dobbelt fagbrev

Mekanikar Ståle Svennes er med på å halda maskinane på Mibau Stema i gang.
Laga:
Ståle Svennes i arbeidsklede med hjelm og vernebriller oppstilt foran maskin.

Interessa til mekanikar Ståle Svennes kom tidleg, og han byrja å skru allereie heime i Ulvik. Det har tatt han til Jelsa og Mibau Stema, med fagbrev i både landbruksmekanikk og anleggsmaskin.

– Kva ferdigheiter trengst for å trivast og lukkast i dette yrket?

– Du må vera interessert, ikkje redd for å bli skitten på hendene. Viss du er interessert, så finn du alltid ut av ting. Så må ein ta i eit tak og ha lyst til å få det fiksa. Og det er alltid nokon å spørja, fortel Svennes.

Ståle kan altså maskin, for å seia det mildt.

– Eg har skrudd litt i oppveksten, traktorar og ATV-ar og sånt, seier Svennes.

Det var heime i Ulvik, at Ståle blei introdusert til landbruksmaskinar og gleda ved praktisk arbeid. Då han skulle velja utdanning, var valet enkelt: Det måtte bli Voss jordbruksskule, som er del av Voss vidaregåande skule.

– Eg ville ha ein praktisk jobb, bruka nevane og skru, seier Svennes, som trivst godt med valet.

På Voss vgs. tok Svennes fagbrevet i landbruksmekanikk siste året på skulen. Fagbrevet som anleggsmekanikar tok han som lærling i bedrift. I 2023 byrja han som fiks ferdig mekanikar i Mibau Stema, Europas største pukkverk som ligg på Jelsa. I vedlikehaldsavdelinga er det mykje å bryna seg på fagleg. Avdelinga med 45 tilsette og 6 lærlingar har ansvar for å sikra at utstyr og maskinar er fungerer. Her er alt frå gravemaskin og dumparar.

Arbeidsdagen her er variert, noko Svennes har sansen for. Typiske oppgåver går på både drift og reparasjon.

– Det er service, dekkskift, reparasjonar etter periodisk kontroll, til dømes skifte av føringar, og feilsøking på elektrisk anlegg, seier han.

– Kva må ein kunna, eigentleg?

– Ein anleggsmekanikar må kunna noko om elektronikk, hydraulikksystem og klimakomponentar som skal redusera avgassane, seier Svennes.

Det inneber dessutan både sveising og aircondition-anleggg. Sjølv trivst Ståle med både variasjon og tempoet. Kvifor?

– Det er alltid noko å finna på her. Ikkje noko dødtid!

TEKST: HANNA MARIA VAN ZIJP
FOTO: ELISABETH N. EMMERHOFF

Les óg:

Ingen innlegg i denne kategorien akkurat no…

Fleire tips og råd

Frå fjøs til frukostbord

Før mjølka hamnar i glaset ditt, har ho vore innom mange ulike yrke.
Illustrasjon med oversikt over alle yrker produksjon av mjølk går gjennom per liter.

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Ingrid Nafstad Lyftingsmo, rådgjevar på ungdomsskulen på Sand

Kva vil du bli?

Lilly Lucas, Sauda ungdomsskule
Lilly Lucas

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Gro Melstveit, rådgjevar på Sauda ungdomsskule

Kva vil du bli?

Nora Herabakka Tveiten, Suldal ungdomsskule
Nora Herabakka Tveiten

Tips: Kva blir ditt neste steg?

Du treng ikkje ha heile framtida klar – berre neste steg. Og mange av vegane startar her i Ryfylke.

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Kristin Bruknapp, avdelingsleiar og rådgjevar vaksenopplæring ved Sauda vidaregåande skule

Helen Moen Gjuvsland

Tips til 15 år gamle meg:
Helen Moen Gjuvsland

Veit du kva du vil bli?

Linde Espeland (19), lærling som prosessoperatør ved Eramet og medlem av Ungdommens Fylkesråd i Rogaland
Linde Espeland

Kva vil du bli?

Mohamad Ziad Ibrahim, Sauda ungdomsskule
Mohamad Ziad Ibrahim

Ikkje lytt for mykje til foreldra dine!

Det er mykje å tenkje på når ein skal velje retning på utdanninga si, så bruk tida godt! Søk opp interessetestar på nettet, les om ulike yrke – til dømes «Jobbkompasset» på Utdanning.no og les framtidsanalysar som «Kva yrke treng me i framtida».
Elisabeth Lie Nilsen

Kva vil du bli?

Odd Inge Bakka, Suldal ungdomsskule
Odd Inge Bakka

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Lillian Nordengen, yrkes- og utdanningsrådgjevar på Sauda vidaregåande skule

Tips

til deg som skal søkje skuleplass, læreplass eller studiar!
Logo Vilbli.no

Helene Romsbotn

Tips til 15 år gamle meg:
Helene Romsbotn

Kva vil du bli?

Sondre Madsen, Sauda VGS påbygg VG4 med fagbrev
Sondre Madsen

Du har meir enn éin veg

Det er mykje å glede seg til. Nye menneske og opplevingar. Kanskje ventar ein hybel i ein framand by. Kanskje ein læreplass like i nærleiken. Framtida kan verke stor når du står framfor eit utdanningsval. Og ho byr på meir enn du ser no.
Sveinung Ravnås - dagleg leiar Ryfylke utdanningssenter
Sjå alle artiklar