
– Veldig gøy at ein kan veksa som medarbeidar. Ein kan læra veldig fort av å sjå andre jobba, seier Julia Zofia Karbowiak (18).
– Eg er berre 16 år, men på jobb blir eg behandla som ein vaksen. Eg får tillit, fortel Henrik Bø Grydeland (16).
Begge er vikarar på Suldal bad når det trengst – morgon, kveld eller helg. Julie har ein fast morgon i veka, pluss det som passar, medan Henrik tar gjerne opp til fem vakter i månaden. Som toppidrettselevar er dagane til dei to ToppVolley-elevane allereie godt pakka. I tillegg til vidaregåande utdanning, er det både fellestreningar, eigentrening og kampar. Dagane er lange for desse elevane, som går ut av vidaregåande med generell studiekompetanse.
Likevel finn dei tid til ekstrajobb. Vikarjobben på Suldal bad gir både pengar i kassen, gratis bading og verdifull arbeidserfaring for både Julia, Henrik og fleire andre elevar. Stikkordet er balanse mellom prestasjon, restitusjon og jobben.
– Eg finn alltid tid til vakter, dersom det er ein dag eg kan jobba, så gjer eg det. Men me treng restitusjon også, og må ha god balanse, så me må finna ein mellomting. Derfor er det viktig å kommunisera godt med trenarar og lærarar også, seier Julia.
Etter vidaregåande har elevane konkrete planar. Henrik går første året, og vil satsa på toppidretten – gjerne landslaget og norsk eller utanlandsk klubb. Julia, som går tredje året, speler både på landslaget og på ToppVolley sitt lag i Eliteserien. Planen etter vidaregåande er eit litt rolegare liv der ho får fokusert på studiar. Fagleg er det eit stykke mellom toppidretten og servicenæringa. Arbeidsdagen på badet er variert, og besøkjande kan vera alt frå dei aller yngste til godt over pensjonistalder.
– Lærer å ta ansvar
Julia og Henrik tar med seg fleire erfaringar frå vikarjobben på Suldal bad.
– Eg har fått meir sosial kunnskap. Me lærer å ta ansvar, og me må by på oss sjølve, seier Julie.
– Ein møter folk i forskjellig alder, og kan komma overeins med alle. Eg kjenner folk ofte igjen nå på butikken. Det gjer jo at me blir meir tilknytta til lokalsamfunnet, seier Julia.
– Det er hyggjeleg å treffa litt andre folk enn dei ein går på skule med, og me kan slå av ein prat. Eg likar å vera til hjelp, seier Henrik.
Ein blir meir sjølvstendig også, meiner han. Henrik har, som resten av elevane på ToppVolley, flytta langt heimefrå som svært ung.
– Me handterer mange forskjellige oppgåver, som vasking, laga mat, ein tar imot kundar. Mange som spør om ulike ting, så ein blir kanskje meir løysingsorientert, held Henrik fram.
I starten lurte han gjerne på kva han kunne gjera nå.
– Men nå løyser eg ting sjølv, seier Henrik.
Det kjenner Julia seg igjen i. Ho spør mykje mindre enn då ho byrja, og det gir både energi og motivasjon å klara ting sjølv.
– Og så ser ein i motgang for eksempel, når det oppstår situasjonar der ein må handla eller handtera ulike personlegdomar, veks ein mykje på det.
Tekst og foto: Hanna Maria van Zijp