Fleire vegar til vasskraftbransjen

Noreg er ein av Europas største vasskraftprodusentar, og kraftverka i Indre Ryfylke produserer store mengder straum. Dei neste åra skal selskapa investera mange milliardar kroner for å byggja ut og rusta opp infrastrukturen. Derfor har kraftbransjen behov for fleire typar fagbrev og utdanningar. Her er to av dei.

Fleire vegar til vasskraftbransjen

Noreg er ein av Europas største vasskraftprodusentar, og kraftverka i Indre Ryfylke produserer store mengder straum. Dei neste åra skal selskapa investera mange milliardar kroner for å byggja ut og rusta opp infrastrukturen. Derfor har kraftbransjen behov for fleire typar fagbrev og utdanningar. Her er to av dei.
Laga:
Jente ser ut på vatn frå gangbru på demning.
Foto: Statkraft

Energimontøren

Etter at Atle Stålesen bytte ut sikringsskap med transformator, har han aldri sett seg tilbake.

Atle Stålesen stortrivst som energimontørog fagleiar for lærlingane i sin avdeling i Statnett. Han ser fleire typarferdigheiter unge bør ha i ein slik jobb.

Nå held energimontøren straumnettet i gang for Statnett, heile året, i all slags vêr.

– Eg hadde vore ti år i same bedrift, og var klar for skiftet, seier Atle, som kom inn i kraftbransjen med lang erfaring som elektrikar.

Ein elektrikar kan arbeida på spenningsnivå opptil 1000 volt veksel og 1500 volt likespenning, som finst i dei fleste hus og industrianlegg. Energimontøren jobbar med høgspentanlegg i kraftbransjen.

Då Statnett lyste ut ei stilling som var open for elektrikarar, blei Atle interessert – og søkte. Overgangen frå elektrikar til ferdig utdanna energimontør starta med ei18 månaders lang læretid med forelesingar og VG3 eksamen som privatist og til slutt avlagt fagprøve.

Utdanning i Senja

– Det er ein stor fordel å vera elektrikar frå før, seier Atle.

Bakgrunnen kjem særleg godt med i arbeidet med styring, kontrollanlegg og likespenning.

I dag er han energimontør og fagleg leiar for lærlingane i området. Statnett tar inn rundt ein lærling i året i regionen, og i dag har teamet tre. Statnett tar inn om lag ein lærling i året, fordelt mellom Sauda, Kvilldal og Haugalandet etter kapasitet. Sauda og Suldal tek normalt inn lærling anna kvart år. Teoridelen tar lærlingane ved Norsk Energifagsenter i Senja, slik Atle sjølv gjorde.

– Lærlingane bidreg med pågangsmot og godt humør. Det er veldig givande å jobba med dei, seier Atle.

Stor organisasjon

Avdelinga til Atle har rundt 13 tilsette og dekker området frå Sauda til Sunnhordland, med Suldal, Haugalandet og Hardanger innimellom. Det blir ein del reising, og av og til må dei ut av distriktet for å hjelpa til.

– Me er ein stor organisasjon og kan støtta oss på kvarandre, seier Atle.

Statnett har vakse frå rundt 1200 tilsette i 2015 til godt over 2000 i dag. Og arbeidet manglar ikkje. Sauda er eit knutepunkt når nettet mellom Sauda og Sogndal skal oppgraderast for auka kapasiteten, og byggjeaktiviteten kan halda på heilt fram mot 2040.

Frå elektro til kraft

– Energimontørfaget hjå oss går frå 48 volts batteri til 420 000 volts distribusjonsanlegg, seier Atle.

Jobben går ut vedlikehald og kontroll av stasjonar, bygningar og anlegg. Hovudsesongen er april til oktober. Målet er å liggja i forkant med vedlikehaldet, slik at nedetida for straumen blir kortast mogleg. Derfor er ein mykje ute i felt, i allslags vêr.

– Det er ein fordel at du ikkje syt med å ta på regntøy, ler Atle.

Tryggleik kjem først

Høgspenning på ville vegar kan gi store konsekvensar, så tryggleiken trumfar alt på jobb i Statnett. Før arbeidet startar, blir området markert, sikra og jorda. Først når leiaren for kopling har gitt klarsignal, får laget arbeidsløyve.

– Du må vera hundre prosent sikker på at anlegget er kopla ut. Og du må alltid vera sikker på at du står på rett plass i området, avsperring er viktig seier Atle.

Energimontørane arbeider alltid minst to saman, og den eine innehar rolla som leiar for tryggleiken.

Inkluderande og tydeleg

– Du må ha hovudet på rett plass når du skal utføra oppgåvene, seier Atle.

Ein arbeidsleiar bør ha ein god tone med arbeidslaget, meiner han.

– Ein skal vera inkluderande, men ikkje redd for å gi beskjed.  Tryggleiken kjem alltid først.

– Kva meir skal til for å bli energimontør?

– Det er greitt med litt fysikk, men dei tyngste løfta handlar mest om teknikk. Det viktigaste er tæl og stå-på-vilje, seier Atle.

‍

Tekst: Hanna Maria van Zijp

Foto: Elisabeth N. Emmerhoff

‍

‍

Økonom og byggingeniør

Kraftbransjen treng ingeniørane

– Spekteret er det kjekke med dennejobben. Ingen prosjekt er heilt like, du kan ikkje berre kopiera det førre,seier prosjektsjef i Saudefaldene, Siri Ramsnes.

Prosjektsjef i Saudefaldene Siri Ramsnes lovar variasjon for dei som vil inn i kraftbransjen.

Som prosjektsjef har Siri Ramsnes ansvar for rehabiliterings- og prosjektarbeid på Saudefaldene sine anlegg, dammar og bygg, høgt til fjells og lågt i lende. Jobben byrjar lenge før nokon set spaden i jorda. Moglege løysingar skal vurderast, og ein skal kunna snakka med ulike fagpersonar. Søknadar skal sendast og gjennomføring av arbeida må planleggjast. Deretter skal prosjektet dragast frå første spadetak til det står ferdig.

Viktig å forstå andre sine synspunkt

– Spekteret er det kjekke med denne jobben. Ingen prosjekt er heilt like, du kan ikkje berre kopiera det førre, seier Ramsnes.

– Undervegs er det mange å ta omsyn til i anleggsprosjekt til fjells: varierande vêrforhold, natur- og friluftsinteresser, grunneigarar og andre som bruker området. Det krev dialog og forståing for andre sine synspunkt.

– Du må trivast med å koordinera og kommunisera med ulike aktørar, seier Ramsnes.

Må halda seg oppdatert

Ei luke som skal skiftast på eitt anlegg, kan altså ikkje berre kopierast til neste. Kvar gong må ein vurdere kva som er beste måte å gjennomføra prosjektet på, og kva regelverket krev.

Også kraftbransjen er i endring. Kunstig intelligens og nye dataverktøy set spor både i produksjon og prosjektgjennomføring.

– Derfor må ein halda seg oppdatert, seier Ramsnes.

Sakte prosessar

Tilsette ved Saudefaldene kan for eksempel ta ulike kurs.

– Her må eg løfta fram Ryfylke utdanningssenter, som legg godt til rette for kompetanseutvikling lokalt, seier Ramsnes.

Det som derimot ikkje alltid går like fort, er byggjeprosessar i kraftbransjen.

– Vurdering av ulike løysingar, søknadsprosessar og prosjektering kan ta tid, men det å bruka tid i planleggingsfase er også viktig for å få eit godt resultat. Gleda finn ein i når noko er fullført, og i å feira milepålar, seier Ramsnes.

Særleg behov for ingeniørane

Dei eldste anlegga er over hundre år gamle, men skal oppfylla dagens krav. Mykje infrastruktur skal forsterkast og fornyast i åra som kjem. Det gir lang tidshorisont og trygge arbeidsplassar.

– Det er mykje jobb til dei som vil. Gøy jobb! seier Ramsnes, som særleg ser behov for ingeniørane.

– I kraftbransjen er det særleg behov for ingeniørar innan bygg, elkraft og maskin, legg ho til.

Økonom og byggingeniør

Sjølv er Ramsnes både siviløkonom og byggingeniør. Det er ein nyttig kombinasjon ha med seg i prosjektarbeid, der ein både skal planleggja prosjektarbeid, følgja opp kontraktar, framdrift og økonomistatus, samt ha dialog med rådgivarar og leverandørar kraftbransjen.

Ramsnes legg òg vekt på evna til å stilla spørsmål og reflektera. Alle som stussar ved noko eller kjenner seg ukomfortabel, skal seia frå, og risikovurderingar er ein del av kvardagen. Dessutan er ein del av eit større fellesskap på arbeidsplassen.

– Du er ikkje åleine, du har alltid kollegaer og eit fagmiljø å spela på, seier Ramsnes.

‍

Tekst og foto: Hanna Maria van Zijp

Saudefaldene

  • Saudefaldene har produsert vasskraft i Sauda sidan 1919.
  • Kraftverka blei bygde ut for å gi straum til smelteverket i Sauda.
  • I dag driv selskapet sju vasskraftverk i Saudafjella.
  • Kraftverka produserer like mykje straum som kan halda Stavanger i gang, og rundt 1,5 % av all straum i Noreg.
  • Sønnå er det største kraftverket.

Statnett

  • Statnett er eit statleg selskap som har ansvaret for straumnettet i heile Noreg.
  • Selskapet driv 11 400 km høgspentlinjer og 190 transformatorstasjonar.
  • Rundt 2 200 fast tilsette arbeider over heile landet.
  • Dei neste ti åra skal Statnett investera 150–200 milliardar kroner.
  • Målet er eit straumnett med meir kapasitet enn i dag.

Kraftbransjen i Ryfylke

  • Ryfylke har nokre av dei største kraftanlegga i Noreg
  • Ulla-Førre i Suldal er Noregs største kraftanlegg, drive av Statkraft
  • Vatnet kjem frå Blåsjø, ein demt innsjø i fjellet
  • Blåsjø kan lagra 7,8 TWh, nesten 5 % av all straumen Noreg produserte i 2025.
  • Statkraft og Lyse skal bruka milliardar på å rusta opp kraftverka i Ryfylke og Sunnhordland dei neste åra.

Kompetanse som trengst

  • Nav reknar energimontørar, som byggjer og reparerer straumnettet, blant yrka med størst mangel i 2026.
  • I kraftbransjen er det også behov for ingeniørar innan elektro, bygg og maskin.
  • Prosjekta krev folk dessutan som kan byggja tunnelar og dammar.
  • For å få løyve til å byggja trengst folk som kan natur og miljø, til dømes villrein og vassdrag.
  • Utbyggjarane treng også folk som kan helse, miljø og tryggleik (HMS) og digitalisering.

Tekst og foto: Hanna Maria van Zijp

Foto: Elisabeth N. Emmerhoff

Les óg:

Ingen innlegg i denne kategorien akkurat no…

Fleire tips og råd

Frå fjøs til frukostbord

Før mjølka hamnar i glaset ditt, har ho vore innom mange ulike yrke.
Illustrasjon med oversikt over alle yrker produksjon av mjølk går gjennom per liter.

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Ingrid Nafstad Lyftingsmo, rådgjevar på ungdomsskulen på Sand

Kva vil du bli?

Lilly Lucas, Sauda ungdomsskule
Lilly Lucas

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Gro Melstveit, rådgjevar på Sauda ungdomsskule

Kva vil du bli?

Nora Herabakka Tveiten, Suldal ungdomsskule
Nora Herabakka Tveiten

Tips: Kva blir ditt neste steg?

Du treng ikkje ha heile framtida klar – berre neste steg. Og mange av vegane startar her i Ryfylke.

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Kristin Bruknapp, avdelingsleiar og rådgjevar vaksenopplæring ved Sauda vidaregåande skule

Helen Moen Gjuvsland

Tips til 15 år gamle meg:
Helen Moen Gjuvsland

Veit du kva du vil bli?

Linde Espeland (19), lærling som prosessoperatør ved Eramet og medlem av Ungdommens Fylkesråd i Rogaland
Linde Espeland

Kva vil du bli?

Mohamad Ziad Ibrahim, Sauda ungdomsskule
Mohamad Ziad Ibrahim

Ikkje lytt for mykje til foreldra dine!

Det er mykje å tenkje på når ein skal velje retning på utdanninga si, så bruk tida godt! Søk opp interessetestar på nettet, les om ulike yrke – til dømes «Jobbkompasset» på Utdanning.no og les framtidsanalysar som «Kva yrke treng me i framtida».
Elisabeth Lie Nilsen

Kva vil du bli?

Odd Inge Bakka, Suldal ungdomsskule
Odd Inge Bakka

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Lillian Nordengen, yrkes- og utdanningsrådgjevar på Sauda vidaregåande skule

Tips

til deg som skal søkje skuleplass, læreplass eller studiar!
Logo Vilbli.no

Helene Romsbotn

Tips til 15 år gamle meg:
Helene Romsbotn

Kva vil du bli?

Sondre Madsen, Sauda VGS påbygg VG4 med fagbrev
Sondre Madsen

Du har meir enn éin veg

Det er mykje å glede seg til. Nye menneske og opplevingar. Kanskje ventar ein hybel i ein framand by. Kanskje ein læreplass like i nærleiken. Framtida kan verke stor når du står framfor eit utdanningsval. Og ho byr på meir enn du ser no.
Sveinung Ravnås - dagleg leiar Ryfylke utdanningssenter
Sjå alle artiklar