
Dei har selt 7 000 vakuumpakkarar og omsett for om lag ti millionar kroner, ved sida av bachelorstudiet. Gründerane Theodor Fiveland Seim og Joar Hopland Fiveland har utvikla den trådlause vakuumpakkaren MatBevar Pro, som pakkar mat for å halda seg lenger, og vakuumpakkar mat som tidlegare tok mykje plass i frysaren eller kjøleskapet. Begge er frå Sauda og går siste året på bachelor ved NTNU, der Theodor studerer digital forretningsutvikling, medan Joar studerer til maskiningeniør. Til sommaren er dei ferdige, og det blir meir tid til å vere gründer og bedriftseigar.
På ungdomsskulen var det ingen av dei som tenkte på å starte for seg sjølv. Draumen var fotballproff.
– Det meste av tid og energi gjekk til fotball. Me trente mykje på eiga hand på banen, og målet om profflivet var klart, fortel Theodor og Joar.
Vegane etter ungdomsskulen gjekk likevel i kvar si retning. Joar valde yrkes- og studiekompetanse (YSK), der han tok fagbrev som mekanikar ved Eramet i Sauda og studiekompetanse over fire år. Det opna døra til ingeniørstudiet. Når studiet er ferdig, er planen å kome heim igjen til Sauda og Eramet, og samstundes halde fram som medgründer.
– Eg trivst godt med begge delar, og eg trur det er ein styrke å ha ein fot i industrien når me utviklar produkt, seier Joar.
Theodor har eit anna mål: Etter studiet skal han jobbe 100 prosent med Nordiva.
Ideen til Nordiva kom nesten tilfeldig. Begge kjem frå store familiar der det alltid var mykje mat i omløp, og ofte rester etter middagen. Som studentar på stramt budsjett merka dei endå tydelegare kor mykje pengar som forsvinn når mat blir ståande og blir dårleg i kjøleskapet.
Vakuumpakking fungerte, fann dei ut. Men maskinane på marknaden var store, tungvinte og mest laga for å pakke kjøt i store mengder.
– Me ville ha noko som var like enkelt å bruke på ein halvbrukt salat, ein ostebit som på ei elgsteik, og som du faktisk orkar å ta fram i kvardagen, seier dei.
Resultatet vart MatBevar Pro, ein liten, trådlaus vakuumpakkar som får plass i kjøkkenskuffa. Han kom i år og er bygd på tilbakemeldingane frå tusenvis av kundar. Mellom anna blir veske frå maten samla i ein behaldar som er lett å tømme.
Joar og Theodor har lenge hatt lyst til å skape noko eige. Tidleg prøvde dei seg med å lage og selje eigne t-skjorter og andre småting. I dag handlar drivkrafta om meir enn pengar.
– Det som driv oss, er å skape noko sjølv, forme ein arbeidsplass slik me ønsker å jobbe i framtida, og etter kvart skape gode arbeidsplassar for andre. Det handlar òg om fridomen til å vere kreativ og til å prøve og feile på eigne premissar, seier dei.
At produktet løyser eit reelt problem, betyr mykje. Matsvinn er ei stor utfordring både i Noreg og i resten av verda. Tilbakemeldingane frå kundar og alle som heiar på dei som unge gründerar, gir ekstra motivasjon.
Krev det mot å starte bedrift som student? Litt, meiner dei. Men mindre enn mange trur.
– Som student har du eigentleg lite å tape. Du har sjeldan bustadlån eller ein fast jobb å seie opp, og det verste som kan skje, er at du har lært utruleg mykje.
Vegen har ikkje vore utan humpar. Theodor fortel om fleire periodar der dei ikkje visste om det kom til å gå.
– Då har det handla om å halde fram med å jobbe og ta ei utfordring om gongen. Det høyrest enkelt ut å seie at du ikkje må gi deg, men det er faktisk det det handlar om. Du må bli god til å feile, ta med deg det du har lært, og prøve igjen.
Joar peikar på éin eigenskap framfor alle andre: disiplin.
– Om du møter opp kvar dag og gjer ditt, har ikkje verda anna val enn å gi deg resultat. Kombinerer du det med smarte avgjersler, kan du nå langt.
Begge gründerane er tydelege på kor mykje oppveksten har hatt å seie. Gode verdiar og gode haldningar til arbeid fekk dei med seg heimanfrå, og foreldra har stilt opp med idear, tankar og støtte.
– Den støtta har betydd mykje på dei aller tøffaste dagane.
Nordiva vart starta i april 2025, først som enkeltpersonføretak og seinare som aksjeselskap. Sidan har dei selt rundt 7 000 maskinar og hatt ei samla omsetning på om lag ti millionar kroner.
Med berre to gründerar gjer dei det meste sjølve. Ei vanleg veke kan gå med til alt frå å lage og teste annonsar, planleggje nye produkt og forhandle med fabrikkar, til å bestille frakt, følgje opp lageret og drive rekneskapen. Theodor har hovudansvaret for marknadsføring og drift, medan produkta utviklar dei saman.
Heilt åleine er dei likevel ikkje. Dei har folk med seg som kundeserviceansvarleg og på marknadsføring, og QuickShip i Ytre Enebakk pakkar og sender ut alle varene frå lageret.
Alt dette skjer ved sida av studiet.
– Det går med ein del kveldar og helgar, men det er òg det som har lært oss mest, seier dei.
Kva overraska mest? At så mykje av jobben handlar om ting du aldri tenkjer på når du har ein idé: annonsar, logistikk, kundeservice, og alt som skal til for at ein pakke faktisk kjem fram til kunden i god stand. Og kva skulle dei ønskt dei visste før dei starta?
– At det aldri finst eit perfekt tidspunkt å starte på. Har du lyst til å skape noko eige, må du berre hoppe ut i det. Det er ved å prøve og feile at du lærer mest og kjem raskast dit du vil, seier Joar og Theodor.
I dag drøymer dei om å veksa utover landegrensene. Theodor vil kunne leve av eiga bedrift og sjå Nordiva vekse ut av Noreg, vidare til Europa og resten av verda.
– Og byggje bedrifta så stor som mogleg, seier han.
Joar formulerer det litt annleis.
– Min draum er å kunne styre på med noko eg trivst godt med. Det hadde jo vore ein draum om Nordiva kunne blitt ei anerkjent bedrift internasjonalt. Det krev arbeid og tid, men ingenting er umogleg.
Om fem år ønskjer dei å vere blant dei leiande aktørane innan vakuumpakking i Europa, med eit breitt produktutval og ei satsing på den amerikanske marknaden. Då ser dei for seg eit team av flinke folk som tar meir av den daglege drifta. Og dei vil begge ha flytta heim, for å drive selskapet frå kontor i Sauda.
For målet handlar ikkje berre om vekst. Det handlar om å skape arbeidsplassar og gi moglegheiter til flinke folk, også der dei sjølve kjem frå.
Theodor har ein enkel regel for kor høgt ein skal sikte:
– Eg meiner det er viktig med store ambisjonar, og dei er ikkje store nok før dei skremmer deg litt sjølv.
Nordiva Ventures AS
TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR
FOTO: SIMON ANDREAS HINDENES