
Helgesen er oppteken av at barn og unge må få lese bøker dei interesserer seg for. Sjølv synest han det er fascinerande å høyre om store forfattarar som gjerne las Donald Duck, cowboybøker og Frøken detektiv då dei vaks opp.
– Eg er så glad for at me er ferdige med den tida der det berre skulle vere «høgverdig» litteratur på biblioteket. Her er det bøker for alle interesser, og for alle aldrar. Det er kjekt å sjå foreldre som kjem inn og leitar etter passande bøker til barna, sjølv om dei kanskje ikkje er store lesarar sjølve, seier Helgesen.
– Ungdommane treng gode leseførebilete i heimen. Men det viktigaste er nok å lese for barna når dei er små. Det er eg heilt sikker på.
Noko av det som gir Helgesen aller mest glede på jobb, er å finne den rette boka til den rette lesaren.
– Det viktigaste er at du les, uansett kva litteratur det er. Ingen skal skamme seg over kva dei les, seier han og minner om at tenåringar som har slutta å lese ofte kjem tilbake til boka dersom dei las som barn.
Testar frå Programme for International Student Assessment (PISA), der 15-åringane blir testa i blant anna lesing, blir gjennomført kvart tredje år. PISA-testen for 2026 viser at urovekkande mange elevar ligg på dei lågaste nivåa, og resultata har skapt politisk debatt. Førsteamanuensis ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger, Aslaug Fodstad Gourvennec, ser ein samanheng med kor mykje unge les på fritida.
– Me ser at resultat i lesing går ned i Norden og i mange andre land. Det er ikkje lett å slå fast kva grunnen er, og det er farleg å skulde på berre éin ting, til dømes skjermar. Samfunnet endrar seg på mange vis, og då må me forvente at det også påverkar skulen og elevane sine ferdigheiter, seier ho.
Helgesen er glad for at politikarane no satsar på lesing.
– Me har snakka om dette i mange år. Det er synd at det måtte dårlege tal til før noko skjedde. Men no er det eit tydeleg fokus på lesing Det ser me òg på kven som besøkjer biblioteka, seier han.
Han trur òg at mange lettare kan lese lengre tekstar dersom dei les noko som interesserer dei. Forskar Gourvennec er samd i dette, og meiner det òg er lurt å prøve noko vanskelegare.
– Når me vil bli betre til noko, treng du både mengdetrening og utfordringar. Slik er det med lesing òg: om du vil bli betre til å lese, bør du også utfordre deg til å lese noko som er krevjande med jamne mellomrom, seier ho.
– Det er og lettare å konsentrere seg når ein les på papir. Det er lett å ta opp mobilen og scrolle. Men finn du ei bok du likar, blir det lettare å konsentrere seg, seier Helgesen.
– Har du ein gamer i huset, finst det spel som byggjer på bøker. Har ungdommen ein favorittfilm som er basert på ei bok, er det ein glitrande stad å byrje, seier biblioteksjefen.
Han ser og eit veksande behov hjå mange unge lesarar for å forstå kva forfattaren meiner med teksten. Mange elevar trur det finst eitt rett svar på kva ei bok handlar om.
– Men forfattaren sit ikkje med fasiten. Du har lov til å tolke boka på din måte., meiner Helgesen, som sjølv har vore ein ivrig lesar av skjønnlitteratur heile livet. Han ser og at biblioteket har mange roller.
– Mange kjem og innom biblioteket fordi dei treng ein sosial samlingsplass. Me sit meir og meir heime, og kommuniserer bak ein skjerm. Me treng desse møtestadane, seier han.

Mange trur at lesing berre er viktig om du skal bli lærar eller journalist. Slik er det ikkje, seier Gourvennec.
– Om du ikkje les godt, går du glipp av mykje. Det gjeld ikkje berre yrke med mykje tekst. Tenk på bruksrettleiingar, anbod og kontraktar, seier ho.
Du treng òg å lese godt når du skal fylle ut eit skjema frå NAV, sjekke om noko du ser på nettet stemmer, eller følgje med på kva som skjer i samfunnet.
– Du bør kunne lese for å stemme ved val og vere med i samfunnsdebatten. Me ser at mange av dei som les mykje, òg er dei som engasjerer seg i samfunnet og seier meininga si. Lesing blir òg stadig viktigare i alle skulefag. Matte på ungdomsskulen er ikkje berre tal lenger. Mange oppgåver har mykje tekst, og krev mykje lesing, seier Helgesen.
Gourvennec meiner lærarane bør vise elevane korleis dei les i sitt eige fag.
– Korleis les me i matte? Det kan elevane gjerne spørje læraren om, seier ho.
Gourvennec rår unge til å snakke med venner og familie om det dei les.
– Når me snakkar om det me les, vert det gjerne meir interessant. Då er det lett for andre òg å få lyst til å prøve seg som lesarar, seier Gourvennec.
Helgesen trur det hjelper når kjende folk fortel at dei les. Lenge har lesing vore sett på som litt nerdete.
– Men no ser eg at alle slags folk les bøker, seier Helgesen, og viser til Boktober i NRK, der kjendisar som Oskar Westerlin har invitert andre til å lese dei same bøkene som dei sjølve.
– Det fungerer.
TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR