
Søknadsfristen til vidaregåande nærmar seg, og Signe Hoftun står ved det første store vegkrysset, som dei fleste av 10.-klassingane i landet. For nokre føresette er det vanskeleg å halda seg unna, andre overlét alt til den unge og håpefulle.
– Det er lurt å vera med, på ein måte, men det er me som skal ta valet, seier Signe.
– Det er litt fram og tilbake, og det er ikkje lenge til me må begynna å søkja, seier ho.
Det har stått mellom ganske forskjellige ting. Nå går Signe i 10. klasse på Sand ungdomsskule og bur på Suldalsosen med begge foreldra og småsøsken. Å vera eldst av søskena, har både fordelar og ulemper. Du kan få meir fridom, men må ofte ta meir ansvar tidlegare. Det gjeld både barnepass eller middagsansvar for ein familie på fem inkludert oppvasken etterpå. Det kan også vera at ein er meir uavhengig, fordi ein tidleg får tillit til at «dette greier du» Om akkurat dette heng direkte saman med yrkes- og utdanningsval, er Signe ikkje sikker på. Det ho er opptatt av, er kva som både er interessant og kjekt.
Dei neste månadene skal ho uansett kjenna etter om ho helst vil utdanna seg innan helse, mat eller til ein jobb med barn. Det siste har ho mykje erfaring med som barnevakt for yngre søsken, og via læring i næring som Signe har hatt i barnehage. Det er kjekkast med dei minste, ifølgje Signe, og dette er kjent for dei nærmaste.
– Heilt sidan ho gjekk i barnehagen sjølv, så har ho sagt at ‘eg skal jobba i barnehage’, seier mora Solfrid Eide Hoftun.
Signe nikkar, men det er fleire fullgode alternativ på Signe si liste akkurat nå. Det handlar mest om interesser, ikkje berre jobbmoglegheitene, som er svært gode for dei bransjane Signe vurderer.
– Eg må tenkja på kva eg vil fram i tid, seier Signe.
Plutseleg endrar det seg, som ho seier.
– Om eg hadde valt restaurant- og matfag, kan eg læra å laga mat, og så er det kjekt å kunna ting innføre helse for å hjelpa andre, seier Signe.
– Eg har alltid hatt lyst til å halda på med noko innan helse. Det verkar veldig kjekt å jobba på sjukehus. Det verkar som ein veldig spennande arbeidsplass, seier Signe.
– Det er mange ting du kan gjera, og nokon må ha ansvar for forskjellige ting.
– Synest du det ansvaret verkar interessant?
– Ja, det er interessant å ha ansvar for ting, men ikkje det høgaste nivået, seier Signe, for ho vil vera hands-on der det skjer.
På fritida går det i fotball og 4H for Signe, og det gir erfaring med både prosjektarbeid og samarbeid. På fotballaget er det viktig å vera grei med alle, og ho samarbeider heller enn å gjera alt åleine. Kva anna ho er god på nå, er ikkje så lett å ramsa opp sjølv.
– Omsorgsfull, skyt Solfrid inn.
Å vera eldst betyr ikkje berre ansvar og fridom, men at ein er først ute med alt. Ein kan også sjå til andre når store val skal takast. Det kan vera søskenbarn, som alle er eldre og har tatt ulike vegar som sjukepleiar, marinbiolog eller ingeniør.
For Solfrid er det viktig å stilla dei rette spørsmåla, uansett kor vegen går.
– Me spør kva du har lyst til, kva interesser, kor vil du vera, kva vil gå på, kva er du god til frå før, kva kan du bruka det til. Ho kan spørja oss om kva som helst, men det skal vera hennar val, då. Og så er det lov å velja feil, og falla i vatnet. Ho er fornuftig, og ho tar gode val, så eg har tillit til at ho har gode tankar sjølv, seier Solfrid.
– Eg spør ikkje så mykje, men eg vil at dei skal vera med og påverka, seier Signe.
Matfaget er også spennande. Ei venninne har nettopp byrja på restaurant- og matfag-linja i Stavanger. Signe bakar mykje og lagar middag heime.
– Første året er matfag, og andre året kan ein for eksempel velja konditor, bakar, servitør eller slaktar. Ein har mange moglegheiter, seier Signe.
Ambulansefaget står òg på lista over spennande vegar.
– Det verkar interessant. Eg likar at det er praktisk, og ikkje berre å sitja og skriva, seier ho.
– Men det er éin ting eg håpar på, seier Solfrid.
– Eg veit kva du skal snakka om, svarer Signe:
– Folkehøgskule.
Det stemmer, for det Solfrid sjølv hatt god erfaring med, og ho fekk mykje ut av sitt folkehøgskuleår.
– Eg skal iallfall vera med på å framsnakka det, seier Solfrid.
– Kva tenkjer du om det, Signe?
Ho trekk på skuldrene, for det er andre ting i horisonten for 15-åringen:
– Eg er i vgs.-bobla nå.


Tekst: Hanna Maria van Zijp
Foto: Elisabeth N. Emmerhoff