
– Ingen situasjonar er like, så på kvart oppdrag lærer du noko nytt som du kan ta med deg vidare. Du veit aldri heilt kva som ventar, men du veit at kvar arbeidsdag byr på nye utfordringar og læringssituasjonar, seier Stina Marvik.
Ho skildrar jobben i ambulansetenesta i Suldal, Sauda og Ølen som spennande, givande og kjekk. Ho er ei av dei som verkeleg gler seg til å gå på jobb.
– Når du synest jobben er kjekk, blir pengar ein bonus, seier Marvik.
Dei siste åra har sjukepleiaren opparbeidd seg arbeidserfaring og timar for å kunna ta fagbrev som ambulansefagarbeidar. For folk med relevant høgare utdanning og tilstrekkeleg praksis, er det mogleg å ta fagbrev gjennom praksiskandidatordninga.
Marvik har ein bachelorgrad i sjukepleie og har gjennom utdanninga fått mykje erfaring med pasientkontakt.
– Som sjukepleiar lærer ein mykje om pasientkontakt, medan paramedisin og ambulansefag er meir retta mot akuttmedisin, seier Marvik.
Det er nettopp denne kombinasjonen ho trivst med – å møta pasienten i den akutte situasjonen, før han eller ho kjem til sjukehuset. Samstundes får Marvik nytta kompetansen ho har frå sjukepleiarutdanninga. Då ho fekk praksisplass i ambulansetenesta, fall brikkene verkeleg på plass.
– Eg har alltid vore interessert i ambulansetenesta og hadde lyst til å prøva. Å hjelpa menneske i sårbare situasjonar er veldig givande, seier Marvik.
På jobb som andremann
Med relevant utdanning og nok praksistimar er det mogleg å ta fagbrev som ambulansefagarbeidar. Fram til då er Marvik godkjend som såkalla «andremann». Det betyr at ho kan ta oppdrag i ambulansen når makkeren hennar er paramedisinar eller ambulansefagarbeidar, som har det faglege hovudansvaret for pasienten. I ambulansen er dei alltid to, og Marvik har førarkorta som krevst for jobben.
– Det er ein annan type kvardag enn i sjukepleiaryrket. Me har døgnvakter, bur saman med dei me jobbar med og blir tett knytte til kvarandre, seier Marvik, som trivst godt med det.
Ho trekkjer fram det gode samhaldet på stasjonane. Mellom oppdraga brukar kollegaene gjerne tida på trening og på å laga god mat saman. Marvik trivst godt i Helse Fonna og ser føre seg ei framtid i ambulansetenesta.
– Eg vil halda fram med dette og utvikla meg vidare, seier ho.
Oppdraga spenner frå alvorlege trafikkulukker og dødsfall til medisinske hendingar og transport av pasientar som treng overvaking. Pasientane er i alle aldrar, og nokre oppdrag krev utrykking med blålys, medan andre er planlagde transportoppdrag.
Ved større hendingar samarbeider ambulansetenesta med legevakt, brannvesen og luftambulansetenesta.
Etter krevjande oppdrag er det viktig å snakka saman om det som har skjedd. Makkerparet går gjennom situasjonen, kva dei gjorde, og korleis oppdraget gjekk. Etter større hendingar kan det vera behov for tettare oppfølging.
– Det som er tøft for éin, er ikkje nødvendigvis like vanskeleg for ein annan. Difor er det viktig å seia ifrå dersom ein har behov for å snakka om noko, seier Marvik.
Sjølv om teieplikta er absolutt, har dei høve til å snakka ope med makkeren dei var på oppdrag saman med, innanfor dei rammene som gjeld. Dei kan òg ta kontakt med leiinga eller støtteapparat i Helse Fonna dersom dei treng meir oppfølging.
Marvik tilrår paramedisin eller ambulansefag for dei som tidleg veit at dei vil jobba i ambulansetenesta, men understrekar at sjukepleiarar òg har gode moglegheiter i yrket. For Marvik handlar mykje av jobben om å møta menneske i sårbare situasjonar og skapa tryggleik.
– Pasientane skal kunna kjenna seg trygge på at det er me som tek over når dei står i ein vanskeleg situasjon. Du må kunna halda hovudet kaldt, tenkja klart og ikkje la deg stressa opp. Me kjem opp i mange krevjande situasjonar, og då er det viktig å kunna samarbeida godt med den du jobbar saman med, seier Marvik.
– Me gjer alt me kan for at det skal gå bra.



TEKST: HANNA MARIA VAN ZIJP
FOTO: ELISABETH N. EMMERHOFF