Dei som skapar sitt eige

Mange drøymer om å skapa sin eigen arbeidsplass. Her fortel fire gründarar om korleis dei lukkast.

Dei som skapar sitt eige

Mange drøymer om å skapa sin eigen arbeidsplass. Her fortel fire gründarar om korleis dei lukkast.
Laga:
Ingvild Erøy Prestårhus og Hege Fiskå
Etter mange års draumar om eiga bedrift, starta Ingvild Erøy Prestårhus og Hege Fiskå teknologibedrifta Kakadu i 2020. Nå har dei store kundar som BankID, VG og Kolumbus. Foto: Jan Inge Haga

– Den perfekte timinga finst ikkje. Det er ei herleg befriande setning!

Det seier gründarane av teknologibedrifta Kakadu, Hege Fiskå og Ingvild Erøy Prestårhus. I 2020 sa dei opp marknadsføringsjobbane sine og starta bedrifta, som driv med digital inkludering. Kundane deira er bedrifter som treng steg-for-steg-vegleiing for dei minst digitale brukarane sine, som for eksempel eldre eller andre som treng bistand til alt frå nettbank til kollektivreiser.

Hadde lenge ein gründerdraum

Ingild hadde alltid hatt lyst til å starta noko, og ville starta softis-sjappa midt på ekra som lita.

– Kva var det verste som kunne skje? Me ville gjera det skikkeleg, og satsa, seier Ingvild.

Ho bur i Erfjord og pendlar til kontoret i Stavanger. Dei andre fire tilsette held til i Stavanger, medan Ingvild også har heimekontor i Erfjord. Bygdeprofilen skil Kakadu ut frå mengda, og er noko folk hugsar bedrifta for.

– Kva må du vera god på og kva kan du læra undervegs som gründer?

– Det er viktig å kunna noko om marknadsføring og kommunikasjon, fordi du må ut å snakka om at du finst. Så må du vera gjera mykje forskjellig og vera nyfiken på ny kunnskap. Eg har lært meir på desse fire åra med Kakadu enn på skulebenken, seier Ingvild.

Drivkrafta er å løysa samfunnsproblem

For å starta bedrift, trengst drivkraft og god timing for det du kan tilby. Ingvild vil anbefala å ta utdanning først, slik at ein har kunnskap i botn. Og så må ein brenna for det ein skal løysa. Kakadu-gründerane sin største motivasjon er å løysa eit samfunnsproblem, samstundes som dei er ei bedrift som skal veksa. Ambisjonen er å etablera seg i Noreg, før dei tar nordisk og internasjonal marknad.

Kakadu

• Teknologibedrift med fem tilsette grunnlagt av Hege Fiskå og Ingvild Erøy Prestårhus i 2020, med kontor i Stavanger og Erfjord

• Tilbyr vegleiingar til tenester på nett, som skal gjera digital kvardag enklare for alle

• Målgruppa er eldre eller andre som ønskjer digital vegleiing til for eksempel å bruka nettbanken eller planleggja reis med kollektivtransport

• Har store kundar som BankID, Schibsted, Sparebank1, VG, Kolumbus og Farmasiet, i tillegg til kommunar

kakadu.no

Kerstin Geelmuyden Rød (ståande) er både vinkelner og lærar. Ettermange år i utlandet starta ho møteplassen Alfred. Foto: Aasta Eik Nes

Sommelier og lærar som starta kafé

Kerstin Geelmuyden Rød hadde ikkje tenkt å starta bedrift sjølv. Nå driv ho møteplassen Alfred i Sauda sentrum, samstundes som ho jobbar som språklærar på Sauda vidaregåande skule. Frå før har ho mange års studiar i Latin-Amerika og Asia. Då ho flytte til Oslo, byrja ho på jobba på restaurant, og tok etter kvart utdanning som sommelier, altså vin-kelner.

– Eg likte stemninga i restaurantbransjen, og at det fanst alle moglege folk der. Samstundes blir ein ofte ikkje så gammal i den bransjen, seier Kerstin.

Mest mogleg bruk

Då ho flytte tilbake til Sauda, ville skapa møteplassane ho hadde hatt i hovudstaden, og starta med vinsmaking.

– Så balla det på seg. Sanitetsforeningen ville ha barselkafé, bedrifter ville samlast, folk ville diskutera politikk. Når ulike folk tar kontakt, kan du skapa noko nytt. Eg kan ikkje alt, men me kan få til mykje kjekt saman, seier Kerstin.

– Målet er mest mogleg bruk av huset, og skapa ein stad der folk får pusterom i kvardagen. Mange seier at dei er glade for Alfred finst, seier Kerstin.

Touch av det urbane

I tillegg til kafé, skjer det mykje forskjellig på Alfred, med alt frå elevkveldar til strikkekafé, quiz, heavy metal-treff og ostesmaking. Kerstin vil skapa noko urbant, særleg med arrangement-serien Sauda smeltedigel, der tilflyttarar møtest.

Studiar i språk og samfunn og erfaringa frå restaurantbransjen har ho fått god bruk som gründer, når ho skapar ein møteplass for alle, uansett alder og bakgrunn. Dessutan har ho med seg eit godt team.

–  Eg er den som får det til å skje, og gjennomfører det eg har sagt at eg skal gjera – men mange rundt meg bidreg med hjelp og idear. For å starta noko sjølv, trengst startkapital, men du må ikkje investera millionar, seier Kerstin.

Alfred

• Møteplass utan faste opningstider i Sauda sentrum, starta og drive av Kerstin Geelmuyden Rød

• Har eit rikt program med alt frå strikkekafé og politikk til heavy metalog elevkveldar

• Samarbeider med lokale bedrifter og organisasjonar

• Arrangerer blant anna Sauda smeltedigel, ein møteplass for tilflyttarar

facebook.com/matogdrikkesauda

Artist Amelie Aldner gir ut musikk på Spotify, spelt inn, produsert og miksa i heime-studioet. Ho vil nå ut internasjonalt frå start. Foto: Hanna Maria van Zijp

Produsent i New York

Lenger inn i fjorden sit Amelie Aldner og skriv, øver, spelar inn og produserer musikk frå heimestudioet på Sand. Artisten, som gir ut eigne låtar på Spotify, snakkar også om marknadsføring og læringsvilje.

– Som artist lagar eg og promoterer eigen musikk. Du må vera din eigen marknadsførar, og gjera mykje forskjellig. Du må ha styr på forretningsutvikling og marknadsføring – så du har gjerne mange forskjellige yrker på éin gong, seier ho.

Amelie er utdanna og har jobba som operasongar, men det er innan soul og pop ho vil etablera seg framover. Det er ein krevjande bransje med mange om beinet – men Amelie har ei stemme i verdsklasse og låtar som har fått gode kritikkar i ulike kanalar. Sidan Amelie har internasjonale ambisjonar, så kan ho like godt ha base på Sand.

– Produsenten min er jo i New York! Det er kortare dit frå Sand enn frå Oslo, ler Amelie.

Drøymer om store scenar

Amelie lagar ikkje typisk norsk eller skandinavisk musikk, og er inspirert av alt frå Whitney Houston til The Eagles. Det er ikkje noko alternativ å ikkje jobba med musikk.  

– Noreg er eit lite land der få sjangrar får veldig mykje merksemd, så eg tenkjer at musikken min bør få ut internasjonalt frå byrjinga av. Der er publikummet til artistar som liknar meir på meg, seier artisten, som drøymer om å nå ut til så mange som mogleg, og om dei store scenane.

Inspirert av naturen

For Amelie er det uansett viktig å byggja eit publikum som følgjer henne framover, og det er også viktig lokalt, presiserer ho. Amelie får mykje støtte og kjenner at ho blir sett stor pris på av publikummet i heile Suldal.

– Når eg jobbar digitalt, blir dei som er fysisk i nærleiken veldig viktig. I ein by er det lettare å ha tette spelejobbar, opptre på forskjellige typar scenar og testa ut material på ulike publikummarar. Det er mange du kan møta og skapa noko saman med. Fordelen her er at folk kjenner meg, og blir glad i meg og musikken. Dei blir meir engasjerte og lojale – og dei treng ein som musikar, seier Amelie.

– Eg blir dessutan inspirert av roen her og vera nær naturen.

Amelie Aldner

• Artist, låtskrivar og produsent innan soul-pop

• Kjem frå Sverige, busett på Sand og jobbar frå heimestudioet

• Samarbeider med produsent Claudia Mills i New York

• Amelie er også prislønt operasongar som har jobba på Den norske opera og ballett

ameliealdner.no

–  Du må ha styr på forretningsutvikling og marknadsføring – så du har gjerne mange forskjellige yrker på éin gong

Amelie Aldner

TEKST: HANNA MARIA VAN ZIJP

Les óg:

Fleire tips og råd

Sjå alle artiklar