– For å finna kundane dine som gründer, må du bruka nettverket ditt. I ei bygd er det mange som kjenner kvarandre, og det er lettare å komma i kontakt med folk.
Det seier Even Sønnik Haug Larsen, som underviser i entreprenørskap ved OsloMet og forskar på entreprenørskapsutdanning.
Stort nettverk i bygdene
– Å starta eiga bedrift er ein moglegheit til å driva med det du elskar og potensielt få betalt for det. Det verste som skjer er at du lærer masse på vegen, seier Even.
– For å starta noko sjølv, må du vera klar over kva du likar å gjera og kva du er flink til. Så må du finna ut kven du kjenner som kan hjelpa deg, seier Even. I bygder finst ofte store bedrifter og sparebankar med tilskotsordningar, og det kan vera enklare å få mediedekning i lokalavisa, ifølgje Even.
Først lokalt, så globalt
– Alle bedrifter treng kundar. Du må ganske raskt finna den første kunden din – og det er ofte det vanskelegaste. Den kan du finna kor som helst, seier Even.
– Uansett kor dei er, vil eg anbefala dei fleste gründerar å byrja og læra mest mogleg i eit mindre geografisk område. Så kan ein utvida til nasjonal, nordisk og europeisk marknad når bedrifta er klar for det.
Kva er entreprenørskap?
- Entreprenørskap er det same som gründerskap, og betyr det å driva fram innovasjon og etablera nyskapande bedrifter
- På engelsk bruker ein ordet entrepreneur som gründer
- Sidan entreprenør på norsk også betyr eit selskap som driv anleggs- og byggjeverksemd, er det mange som nyttar orda gründer og entreprenørskap
Kjelde: Store norske leksikon
Kva er ein gründer?
- Ein gründer startar og driv eiga bedrift, gjerne basert på ein nyskapande idé eller produkt
- Mange gründerar har fag-bakgrunn frå bransjen dei jobbar i, for eksempel at ein sjukepleiar startar bedrift innan helseteknologi
- Det er mogleg å få økonomisk støtte frå staten, fylkeskommune og Innovasjon Norge, samt lokale ordningar som Ulla-Førre næringsfond
- I Noreg finst dessutan mange faglege nettverk, kurs og andre ordningar for gründerar
Kjelde: Store norske leksikon, Utdanning.no
Nyfiken på å starta eiga bedrift?
- Even sitt beste tips for unge som synest det verkar spennande med eiga bedrift, er å snakka med læraren sin om skulen kan ta kontakt med Ungt entreprenørskap
- Ungt entreprenørskap er ein organisasjon som tilbyr ulike læringsprogram for at barn og unge skal utvikla kreativitet og skaparglede
- Programma blir gjennomført i samarbeid med lokale bedrifter og arbeidsplassar
- For deg som skal studera, kan du finna studiar i entreprenørskap ved fleire store høgskular og universitet over heile Noreg
Sjå ue.no/program