Læretid i prosess

Eina Jordebrekk Fermann (26) og Daniel Ljung (18) er begge godt i gang med læretida som prosessoperatør. Sjølv om dei deler målet om fagbrev, er vegen fram ganske ulik.

Læretid i prosess

Eina Jordebrekk Fermann (26) og Daniel Ljung (18) er begge godt i gang med læretida som prosessoperatør. Sjølv om dei deler målet om fagbrev, er vegen fram ganske ulik.
Eina Jordebrekk Fermann fann ny yrkesveg, og meiner det aldri er for seint å endre retning.

– Vis at du er interessert og har lyst til å jobbe. Det er det viktigaste, fag kan du alltid lære deg, er tipset frå rettleiar i Mibau Stema på Jelsa, Svein Andre Lilleskog.

Han er ein av dei som fylgjer opp lærlingane i selskapet, og er klokkeklar på at innsats og vilje slår det meste av fagleg kompetanse og kunnskap.

– Det viktigaste er å møte opp på jobb på morgonen og vere pliktoppfyllande. Og så er det kjekt å sjå den gode utviklinga dei har frå dei kjem inn her og til dei får fagbrevet. Eina har hatt ei kjempegod utvikling sidan ho starta her, seier rådgjevaren.

Den Svein Andre snakkar om, er Eina Jordebrekk Fermann, lærling i kjemiprosessfaget. Ho var ikkje sikker på kva ho ville etter at å ha tatt studiespesialisering ved Sauda vidaregåande skule. Suldølen valde å reise til Stavanger for å jobbe i butikk, etter kvart vart ho assisterande butikksjef og fekk med seg verdifull erfaring.

– Det var heilt rett for meg å kome ut i arbeidslivet litt og tenkje på eg eigentleg ville vidare, seier ho.

Tenketida gav resultat og etter kvart tok ho kjemiprosess gjennom vaksenopplæring – først på Bryne og så på Karmsund vidaregåande skule i Haugesund. I sommar hadde ho sommarjobb i Mibau Stema , og i august starta ho på læretida i same selskap.

– Du er aldri for gamal til å gjere det du vil, og det er vanskeleg å ta det store valet når ein er 15 eller 16 år. Om du ikkje er sikker, så er det heilt lov å ta eit år der du jobbar og tenkjer, meiner Eina.

– Følg draumen din, og ikkje høyr altfor mykje på kva andre meiner. Trivst du ikkje kan ein byte retning eller starte på noko anna.

– Spør gjerne om hjelp

Eina tenkte først ho ville bli sveisar, men etter ei utplassering der ho fekk teste yrket, endra ho meining.

– Det var jo kjekt og prøve, men eg fann ut at det ikkje var det eg skulle jobbe med vidare. Eg kjente fleire som var prosessoperatørar og landa på at eg hadde meir lyst til det.

Som lærling som prosessoperatør er ho med på dei faste daglege arbeidsoppgåvene der ein skal sikre at produksjonslinjene går som planlagt.

– Me sjekkar at dukar og sikter er trygge og i orden. Er noko slitt eller det er brot nokon stad, må me skifte det ut, her er det tryggleiken som står i sentrum. Jobben er variert, plutseleg er det jobb i kontrollrommet før ein skal inn på laben. Me må uansett syte for at alt går på skinner, og at produksjonen ikkje stoppar opp.

Sjølv om ansvaret som prosessoperatør er stort er ho ikkje skremt av  det ho har fått sett på jobb. Ho skryt av god opplæring, godt arbeidsmiljø og flinke kollegaer.

– Ein må berre ikkje vere redd for å spørje om hjelp, det er mykje god kunnskap å hente hjå dei andre. No er målet å sikre seg fagbrev, og trivs eg like godt framover som eg gjer i dag så håpar eg å jobbe her lenge, seier Eina.

Læringskurva har vore bratt, ifølgje henne sjølv.

– Det er mykje teknisk å lære seg, og hugse namnet på. Men eg trur nok at erfaringa frå arbeidslivet kjem godt med i læretida. Eg visste jo mykje om korleis bedriftene fungerer frå før.

– Dette passar meg godt

Daniel Ljung visste ikkje heller heilt kva han skulle lande på etter vidaregåande. Inspirert av faren, som har lang fartstid som prosessoperatør, valde Daniel å satse i same retning. Som lærling på Eramet i Sauda får han blant anna prøve seg på kontroll av omnar, dersom nokon stoppar opp eller det blir registrert feil må prosessoperatøren hente inn kompetansen som trengs for å fikse det.

– Det er eit stort ansvar, ein må vere sjølvstendig for å jobbe med dette. Her er det alltid ein prosessoperatør på kvar omn, men det er bra dei hjelper kvarandre.

– Eg angrar ikkje på at eg valde dette faget, eg veit  dette fagbrevet er godt å ha på baklomma uansett kva ein vel å gjere seinare, seier Daniel, som framleis ikkje veit kor vegen går vidare etter at fagbrevet er sikra.

Daniel Ljung meiner fagbrev som prosessoperatør er godt å ha med seg uansett kor vegen går vidare.

I jobben som prosessoperatør ligg det også eit ansvar for HMS og risikoanalyse, det viktigaste er at alle kjenner seg trygge på jobb, og at ingen arbeidsoppgåver er farlege for dei tilsette.

– Eg vil absolutt anbefale denne jobben til andre. Her er det og eit godt arbeidsmiljø, kjekke folk og arbeidsoppgåver. Eit stort pluss er det og at ein får diverse sertifikat og kurs med seg som er gode å ha på CV-en vidare, seier Daniel.

– For meg er dette heilt perfekt, eg var ikkje så glad i skulen, så for meg var det viktig å kome seg raskt ut i arbeidslivet.

Gode råd frå Rytopp

Rytopp er opplæringskontoret i Ryfylke, med medlemsbedrifter frå Sauda i nord til Forsand i sør. Avdelingsleiar Hans Sæther har desse råda til den som skal velje yrkesretning:

1. Vel noko du interesserer deg for

Kva verdiar og interesser har du? Det er lettare å gjennomføre studiar og få gode resultat dersom du vel noko du likar.

2. Ta omsyn til eigenskapar og ferdigheiter

Kva har du anlegg for? Er du teoretisk eller praktisk anlagt?

3. Finn relevant informasjon

Finn mest mogleg informasjon om utdanningar og yrke du vurderer.

4. Vurder jobbmoglegheitene

Sjekk jobbutsiktene innan ditt fag.

5. Fullfør utdanninga

Viss du fullfører utdanninga er sjansen for å få jobb stor. Hugs at du ikkje forpliktar deg til utdanninga du vel for resten av livet. Det er vanleg å velje utdanning fleire gonger.

TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR
FOTO: HANNA MARIA VAN ZIJP

Les óg:

Ny retning i same faget

Byggingeniør Berge Marius Stople (29) er godt i gang med læretida som tømrar, medan vernepleiar Hilde Kvaløy (33) har utfordra seg sjølv som avdelingsleiar ved Åbøtunet. – Kunnskapen ein har med seg frå før er gull verdt, meiner dei to.
Byggingeniør Berge Marius Stople

Vel du feil, kan du alltid byte

For Iryna, Jon og Hildegun har vegen frå utdanning til arbeidsliv tatt retningar dei ikkje hadde sett føre seg i starten. Men sjølv om det ikkje vart plan A, skulle det vise seg at Plan B var vel så god.

Ny retning i same faget

Byggingeniør Berge Marius Stople (29) er godt i gang med læretida som tømrar, medan vernepleiar Hilde Kvaløy (33) har utfordra seg sjølv som avdelingsleiar ved Åbøtunet. – Kunnskapen ein har med seg frå før er gull verdt, meiner dei to.

Læretid i prosess

Eina Jordebrekk Fermann (26) og Daniel Ljung (18) er begge godt i gang med læretida som prosessoperatør. Sjølv om dei deler målet om fagbrev, er vegen fram ganske ulik.

Dei som skapar sitt eige

Mange drøymer om å skapa sin eigen arbeidsplass. Her fortel fire gründarar om korleis dei lukkast.

Arkitekten i leiarstolen

Andre såg leiar-potensialet til Beate Kristine Asbjørnsen (34) før ho gjorde det sjølv. Nå leier ho eit arkitektkontor med 23 tilsette – og teiknar framleis bygningar.

Ikkje lytt for mykje til foreldra dine!

Det er mykje å tenkje på når ein skal velje retning på utdanninga si, så bruk tida godt! Søk opp interessetestar på nettet, les om ulike yrke – til dømes «Jobbkompasset» på Utdanning.no og les framtidsanalysar som «Kva yrke treng me i framtida».

Teknologisk karriere

Kunstig intelligens, robotikk og ei digital utvikling i racerfart pregar næringslivet. Møt Solveig Stensvåg Eriksen (40) og Gunnar Skålheim (24), som begge har funne sine drøymejobbar i teknologien.

Kva vil du bli?

Sjå alle artiklar