Treng fleire tømrarar

Lars Christian Øystad i Suldal Bygg meiner lærlingar og utplasserte elevar er nøkkelen for å kapre flinke fagfolk.

Treng fleire tømrarar

Lars Christian Øystad i Suldal Bygg meiner lærlingar og utplasserte elevar er nøkkelen for å kapre flinke fagfolk.
Laga:
Lars Christian Øystad
Lars Christian Øystad

Byggjefirmaet har lang tradisjon for å ha lærlingar i tømraryrket.

– Me har ein god lærling akkurat no, men det er ikkje stor  tilgang på lærlingar til alle bedriftene dei siste åra. Det er ei utfordring å få ungdommane til å velje tømrarfaget som yrkesveg og, meiner han.

Lars Christian er klar på at ein må byrje tidleg med rekruttering av gode fagfolk ungdomsskulen opprettar dei kontakt med interesserte ungdommar som dei får på utplassering, og gjerne seinare i arbeidspraksis då dei går tømrarlinja på vidaregåande.

– For oss er dette soleklart den viktigaste måten me kan rekruttere på, gode fagfolk vekst ikkje på tre. Skal me rekruttere flinke folk, må me og legge til rette for at det skal vere godt å bu her, det tener me på alle, slår han fast.

TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR

Saka er oppdatert i 2025.

Les óg:

Fleire tips og råd

Sjå alle artiklar