Ute på Jelsa reiser det seg ein ny einebustad som truleg står ferdig og klar til våren. Midt i det nye reisverket står Berge Marius Stople , han er langt frå fersk i byggebransjen, men som tømrarlærling kan han ikkje sjå tilbake på så mange månadar. Byggingeniøren frå Sandeid kom nemleg til eit punkt der han ville prøve noko nytt, og helst eit fysisk arbeid der han fekk vere ute om dagane. Valet falt på tømraryrket, og dermed starta ingeniøren på eit læreløp på 3,5 år. Etter eit halvt år som lærling i Etne flytta han og familien til Sand, og ein ny arbeidskvardag, denne gongen i KV Bygg Suldal.
– Då eg skulle ta valet om å gå på vidaregåande vart eg oppmoda om å ta studiespesialiserande og studere etterpå. Eg meistra realfag som matte og fysikk, det fekk eg til, så då var ikkje vegen så lang til ingeniørstudiet.
– Og mange arbeidsoppgåver som ingeniør trigga meg, spesielt det som gjekk på konstruksjonsteknikk. Korleis vil bygget tole vind, snø og andre naturkrefter. Etter eit år på maskiningeniør i Trondheim vart det difor byggingeniør-studiar på Gjøvik.
– Likevel låg nok det praktiske latent i meg alltid. Eg er vaksen opp på gard og har alltid likt å løyse ting, arbeide og få til noko. Det er ekstra kjekt som tømrar, ein byggjer noko som står igjen etter ein.
Etter ferdig utdanning fekk Berge Marius jobb i Omega 365 Areal.
– Og eg likte jo det veldig godt! Kjekke kollegaer, arbeidsoppgåver og problemstillingar ein kunne røyne seg på. Men det vart mykje kontor, og ofte får ein ei litt kontrollerande rolle ute på byggeplassen. Ein skal passe på at alt er gjort skikkeleg og stemmer, då er det kjekkare å vere blant dei som faktisk skal bygge det opp.
Sjølv om læretida er ganske så fersk, så veit Berge Marius godt korleis ein byggeplass fungerer.
– Eg er nok heldig der, eg blir ikkje så overvelda av å kome inn på ein byggeplass. Og eg veit korleis ein les teikningar, seier han og ler.
– Likevel har eg mykje å lære om faget, og det er kjekt å jobbe med dyktige kollegaer. Trivselen er motoren i jobbskiftet her, og eg sit igjen med ei betre kjensle når eg får brukt kroppen fysisk på jobb.
– Har du eit råd til dei som skal velje yrkesveg?
– Det aller viktigaste er å finne noko som ein kan trivast med, då kjem mykje anna gratis. Hadde eg valt på nytt så hadde eg nok valt yrkesfag. Yrkesfag er absolutt noko ein bør framsnakke meir, eg både trur og håpar statusen til yrkesfag har vokse dei siste åra, seier Berge Marius.
Hilde Kvaløy frå Sauda har alltid visst at ho skulle jobbe med menneske. Etter utdanning som vernepleiar og fleire år der ho jobba i arbeids – og inkluderingsbedrifta Rysteg samt i bufellesskap i Sauda kommune, har ho no blitt avdelingsleiar ved Åbøtunet.
– Det grunnleggande for meg er å jobbe med folk, og kunne gjere ein forskjell i nokon sitt liv. Det er givande å vere til støtte for nokon som har utfordringar, og som treng hjelp frå systemet, seier ho.
– Eg kjenner jo somme gonger på at eg saknar faget mitt i kvardagen, likevel er faglege spørsmål veldig viktig for meg i leiarrolla. Eg skal vere rådgjevar for dei som er tilsett i mi eining, og vere ein pådrivar for fagleg utvikling. Det er ein spanande del av jobben.
Sjølv om ho har mange år i den kommunale helsesektoren bak seg så var overgangen til leiarjobben ganske stor.
– Det vart ein brå overgang ja. Eg måtte flytte fokus litt frå brukarane av tenestene til og å vere på plass som ein synleg og god leiar, som fylgjer opp personalansvaret og turnuslivet på ein annan måte. Men eg trivst veldig godt, eg har eit godt team rundt meg.
– Det er kjempeviktig at eg som leiar har nokon å snakke med når ting kan bli vanskeleg og utfordrande. Leiarskap handlar jo mykje om god relasjonsbygging internt i avdelinga eller selskapet.
Etter studiespesialiserande på vidaregåande skule i Sauda hadde Hilde mål om å utdanne seg til sosionom. Men då tilbodet om å ta desentralisert vernepleieutdanning i Sauda dukka opp i 2010 heiv ho seg på der.
– Det er jo ei utdanning som ikkje ligg så langt frå sosionom, sjølv om det er meir helsefag i denne retninga. Det var jo flott å kunne ta utdanning desentralisert, her fekk me digital undervisning på Sauda vgs, og elles reiste me på samling ein gong i semesteret i tillegg til praksis.
Etter ferdig utdanning fekk ho jobb i arbeids – og inkluderingsbedrifta Rysteg som jobbkonsulent. Då pendla ho til avdelinga dei har på Sand i Suldal, før yrkesvegen gjekk mot Sauda kommune og jobb som vernepleiar i avdelinga for tilrettelagde tenester. Ho har jobba med rus, psykatri og med fagleg oppfølging av brukarar som må ha bistand for å klare å ta vare på seg sjølv. Ho har jobba som plasstillitsvald og i Fagforbundet.
– Eg har vore innom forskjellige jobbar og ser jo at ein tar med seg viktig kompetanse og kunnskap vidare frå alt ein held på med. Eg hadde ikkje gjort ein like god leiarjobb her om eg ikkje hadde denne faglege ballasten med meg, meiner Hilde.