
.jpeg)



Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.
Er du glad i sjøen og praktisk anlagt, og vil du ha ein jobb der ingen dagar er like? Då kan maritime fag vera noko for deg. Maritime fag er eit Vg2-løp som byggjer på Vg1 Teknologi- og industrifag eller Vg1 Elektro og datateknologi. Her lærer du om navigasjon og manøvrering, dekksarbeid og fortøying, og om drift og vedlikehald av motorar og maskineri om bord. Helse, miljø og tryggleik står sentralt i faget, og du lærer korleis ein førebyggjer ulukker og handterer beredskap til sjøs. Faget passar for deg som trivst i eit tett arbeidsmiljø, kan ta ansvar og ikkje let deg skremma av skiftande ver og vind.
Med ei utdanning innanfor maritime fag kan du få jobb om bord på mange ulike fartøy. Det kan vera ferjer, snøggbåtar, brønnbåtar og servicefartøy i havbruksnæringa, offshorefartøy eller større handelsskip. Etter Vg2 går du ut i lære, og du kan ta fagbrev som matros eller motormann. Som matros arbeider du på dekk med mellom anna navigasjon, fortøying og vedlikehald. Som motormann har du ansvar for drift og vedlikehald av maskineriet. Maritim kompetanse er også etterspurd på land, til dømes på verft, i hamner og i verksemder som leverer utstyr og tenester til skipsfarten.
Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse, med eller utan fag- eller svennebrev. Når du er ferdig med yrkesfagleg opplæring, har du følgjande val:
Ryfylke er ein region prega av fjordar, ferjesamband og ei sterk havbruksnæring, og det er god bruk for maritim kompetanse her. Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplassar relevante for maritime fag i regionen vår.
