20. november går den årlege inspirasjonsarenaen yrkes - og utdanningsmessa for Sauda og Suldal av stabelen - dette året blir den arrangert i Saudahallen! Er du i eit utdanningsløp, treng læreplass eller treng arbeid? Bruk inspirasjonsider og artiklar under Arbeids:kraft og digitale bedriftssider med gode videoar som er tilgjengelege heile året. Dette er ein god start for inspirasjon til førebuing til besøk på messa og synleggjer mangfaldet av moglegheiter i Sauda og Suldal.
Sjå filmen frå Yrkes og utdanningsmesse i Saudahallen 2023:
Laga av Portal Norge
arbeids:kraft
Les artiklane i Arbeids:kraft og bli kjend med Indre Ryfylke sitt mangfoldige næringsliv! Her får du vita meir om arbeidsliv og utdanning, og tips og råd om yrkes- og utdanningsval i regionen. Gjennom heile året kan du også melde deg på nyhetsbrevet vårt!
Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?
Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.
Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.
YUM
YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp, ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.