



På den fysiske messedagen får du snakka med representantar på over 50 stands frå universitet, høgskular, fagskular, opplæringskontor, vidaregåande skular, bedrifter og andre organisasjonar. Du vil og kunne møte og snakka med representantar som har brei erfaring innan mangfaldige yrker og studieretningar. Ikkje minst er det bedrifter til stades med erfaringar frå eit bredt arbeidsliv.
Målet med yrkes- og utdanningsmessa er at elevar, studentar, føresette og andre arbeidssøkjande skal få kunnskap om utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring og få sjå moglegheitene for yrkes-og arbeidslivet i kommunane. «Riktig» val, første gong, styrkjer sjansane for at ein lukkast i sividaregåande opplæring og synleggjere moglegheitene av yrkesval hjå oss.
Studieval er ein prosess det er verdt å ta seg god tid til. Det er de velkommen til hjå oss.
Messa vil bidra til å skaffa deg oversikt over eit bredt utval av studiar og yrkesmoglegheiter for å styrkje sjansane for vidare val for framtida. Her møter du folk som kan svare på spørsmåla dine, og hjelpe deg vidare i prosessen.
Er dette noko for deg er du hjarteleg velkommen!
08.10–11.30: Førebuing til yrkesmessa for yrkesfagelevane som er i praksis på Sauda vgs
11.30–13.00: Inspirasjonssamling med matøkt med Ryfylkekokken for 10. trinn Suldal/Sauda/Vindafjord. Samspel og rollemodellar frå Grieg Seafood Rogaland, Karmsund Vidaregåande skule og Suldal/Sauda bondelag og småbrukarlag Tone Løland Haugen Stad: Sauda ungdomsskule
11.30–12.30: Lærlingseminar for Yrkesfag VG1, VG2, og VG2 YSK. Stad: Nye Salen, Folkets Hus
11.30–12.30: Læringseminar for Helse- og oppvekstfag i kantina på Sauda vgs. Stad: Filmsalen Sauda vgs
10.00–15.00: Karrieredag om Studierettleiing og framtidsmoglegheiter for Studiespesialiserande, Idrett, ToppVolley og VG4 YSK på Sauda vgs under messa. Stad: Storesalen Folkets Hus
Messe med utstillarar:
10.00: Messa opnar for individuelle besøkjande, og held ope fram til 15.00 (stengd 12.15–13.00)
10.00–11.15: 10. trinn Suldal/Sauda og Vindafjord og introtenesta i Sauda og Suldal på messa
11.15–12.15: Sauda vgs VG1 elevar på messa
12.15–13.00: Lunsj for utstillarar (messeområdet er stengd)
13.00–14.00: 9. trinn i Sauda på messa
13.00–14.00: VG1 yrkesfag, VG2 yrkesfag, VG3 YSK på messa
13.00–14.00: Introtenesta Suldal og Sauda møter utstillarane
14.00–15.00: VG2 og VG3 Studieforberedande på messa
14.50: Kåring av beste utstillar 2025
15.00: Takk for laget! Messa er slutt
10.00–15.00: Rysteg tilbyr kaffe/te og frukt heile messedagen til utstillerar og lunsjpakke under pausa. Du kan kjøpe mineralvatn på stasjonen med VIPPS betaling
Atterhald om mindre endringar i programmet.
Utforsk bransjehusa og utstillarane våre ved å klikke deg inn HER. Desse sidene vil vera her heile året slik at du kan koma tilbake igjen og igjen om du er interessert i å utforske kva val du har innanfor utdanning, lærlingsplassar og yrkesval i Ryfylke.
Spør læraren din om skjema som du kan nytte for å avtale besøk til utstillarar under messedagen.
Me ønskjer alltid å bli betre på å gi dykk ein kjekk messedag og i dette arbeidet er dine tilbakemeldingar viktige så me set stor pris på at du som besøkte messa tek tida til å svare på nokre raske spørsmål her.
Me ønskjer alltid å bli betre på samhandling rundt rekruttering og yrkes og utdanningsmessa i indre Ryfylke.
I dette arbeidet er dine tilbakemeldingar viktige, og me set stor pris på at du som utstillar tek tida til å svare på nokre raske spørsmål her.
Fiskerifaglig Opplæringskontor
Lundeneset VGS - kristen internatskole i Ølensvåg
Læringskontoret yrkes- og logistikk SA
OKAB - Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene
Politiet/Sør-Vest politidistrikt
Kompetanse for vaksne Sauda VGS
SKAPE , for etablerere i Rogaland
Sparebank1 Sør-Norge Forretningpartner
