På den fysiske messedagen får du snakka med representantar på over 50 stands frå universitet, høgskular, fagskular, opplæringskontor, vidaregåande skular, bedrifter og andre organisasjonar. Du vil og kunne møte og snakka med representantar som har brei erfaring innan mangfaldige yrker og studieretningar. Ikkje minst er det bedrifter til stades med erfaringar frå eit bredt arbeidsliv.
Målet med yrkes – og utdanningsmessa er at elevar, studentar, føresette og andre arbeidssøkjande skal få kunnskap om utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring og få sjå moglegheitene for yrkes-og arbeidslivet i kommunane. "Riktig” val, første gong, styrkjer sjansane for at ein lukkast i si vidaregåande opplæring. Så studieval er ein prosess det er verdt å ta seg god tid til.
Messa vil bidra til å skaffa deg oversikt over eit bredt utval av studier og yrkesmoglegheiter for å styrkje sjansane for vidare val for framtida. Her møter du folk som kan svare på spørsmåla dine, og hjelpe deg vidare i prosessen.
10.00–10.45: Lærlingseminar for Yrkesfag VG1, VG2, og VG2 YSK i kinosalen på Kulturhuset i Suldal.
10.00–10.45: Læringseminar for Helse- og oppvekstfag i allrommet på Suldal kulturhus.
11.00–12.00: Seminar om Studierettleiing og framtidsmoglegheiter for Studiespesialiserande, Idrett, ToppVolley og VG4 YSK i kinosalen på Kulturhuset i Suldal.
10.00: Messa opnar for individuelle besøkjande, og held ope fram til 15.00 (stengd 12.15-13.00).
10.00–11.15: 10. trinn Suldal/Sauda og vaksenopplæringa Sauda på messa – «Skaperglede» med Ungt Entreprenørskap Rogaland for 10. trinn på Sand skule etter messebesøk.
11.15–12.10: VG1, VG2 og alle elevar frå yrkesfag møter utstillarane.
12.15–13.00: Lunsj for utstillarar (messeområdet er stengd).
12.35: «Arbeidsmarknaden i Rogaland i framtida – er me for smålåtne i Ryfylke?» Innlegg til næringslivet med Truls Nordal, senior-rådgivar i NAV Rogland.
13.00–14.00: Studiespesialiserande, idrett og ToppVolley møter utstillarane.
13.00–14.45: Introtenesta Suldal møter utstillarane.
13.45–14.20: 8. trinn og 9. trinn med fleire møter utstillarane.
14.50: Takk for laget!
15.00: Messa er slutt.
10.00–15.00: Bemanna KIOSK i Suldalshallen for gjester og besøkande ved KULP as.
17.00–20.00: Drop-in ang karriere og utdanningsval for deg som er vaksen – og gira på meir utdanning!
Det vil vere rådgjevarar og karriererettleiarar å snakke med som kan bidra i dine planar for utdannings- og arbeidsmål. Velkommen til ein uformell og hyggeleg prat med oss i foajeen på kulturhuset i Suldal med Sauda VGS, M.O.R. i Ryfylke!
Atterhald om mindre endringar i programmet.
I samband med YUM har Suldalsposten laga ei temaavis med fokus på yrke og utdanning.
LES AVISA HER
Utforsk bransjehusa og utstillarane våre ved å klikke deg inn HER. Desse sidene vil vera her heile året slik at du kan koma tilbake igjen og igjen om du er interessert i å utforske kva val du har innanfor utdanning, lærlingsplassar og yrkesval i Ryfylke.
Spør læraren din om skjema som du kan nytte for å avtale besøk til utstillarar under messedagen.
Me ønskjer alltid å bli betre slik at du får mest ut av nettsida vår og messedagen. I dette arbeidet er dine tilbakemeldingar viktige, og me set stor pris på at du tek tida til å svare på nokre raske spørsmål her.